Jorunn Veiteberg               

Caroline Slotte: Kunstnarpresentasjon

Det som er nært og daglegdags, er lett å oversjå. Ikkje minst gjeld det for dekoren på billege tallerkenar som attpåtil er slitte og merka av bruk. Det er denne typen bruksting, som sjeldan er elska, som Slotte har gjort til sitt viktigaste materiale. Sentralt i arbeidet hennar er utforskinga av desse trivielle tinga sin funksjon som minneberarar. Gamle og brukte ting byggjer bru til det som var, menneske og stader, vår eiga som andre si historie. Innanfor verkstadkeramikken har det vore ein tendens til å avvisa alt som er masseprodusert og uekte, medan dette er plussverdiar i Slotte sine arbeid.

Som kunstnar er det hennar privilegium å kunna flytta tinga frå eit krinslaup til eit anna. Med si omarbeiding løfter ho den verdilause, masseproduserte tallerkenen bort frå eit liv i slit og skit og gjer han verdifull, unik og privilegert. Fri frå bruksfunksjonen, blir andre aspekt ved tallerkenen meir synlege, ikkje minst bildeinnhaldet. Det oppstår ei spenning mellom ting og bilde, materie og meining.

Med sine inngrep styrer Slotte tilskodaren si merksemd i bestemte retningar, og nye assosiasjonar oppstår. Vanlegvis framhevar ho delar av motivet ved at fjerna andre parti. I denne tallerkenen (From the series Going Blank Again) har ho gått lenger, for her har ho tatt bort alt det forteljande og figurative. I utgangspunktet var dette eit blått og kvitt mønster, og det dekte heile tallerkenen. Forsiktig har ho slipt vekk alt det blåe, slik at berre dei kvita felta står igjen. Dei er synlege mot den matte og kvite skjerven fordi dei framleis er blanke og glatte, slik overflateglasuren plar vera. Somme stader har blåfargen smitta av. Som ein skugge framhevar den konturen som no markerer eit heilt nytt linjemønster. Verkemidla er subtile og effekten svært vakker. Gjennom å fjerna og viska ut har ho avdekka ei teikning som vi aldri ville ha fått auga på utan hennar hjelp.

Publicerad i Ting Tang Trash – Oppvinning i samtidskeramikken, ed. Jorunn Veiteberg
Kunsthøgskolen i Bergen/Kunstmuseene i Bergen, 2011


loader